Om Det Multinorske

Forsidebilde


Hausten 2012 opna bachelorstudiet Det Multinorske ved teatret for skodespelarelevar med familiebakgrunn utanfor Europa. Det ligg ei slags redefinering av teatrets opphavelege oppgåve i prosjektet. Det Norske Teatret har historisk vore eit innflyttarteater og har gjennom dei siste 100 åra utvida rommet og førestillingane av kva hovudstaden var og skulle vere. Teatret ville med Det Multinorske synleggjere at Oslo lenge hadde vore ein etnisk samansett og mangfaldig by, og etableringa var ei naturleg vidareføring av dette prosjektet.

Vidare har det lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det Multinorske er difor eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.

Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med teaterutdanninga ved Nord Universitet, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret. Det Norske Teatret er tungt involvert i den kunstnarlege, pedagogiske og administrative styringa av utdanninga.

Første kull i skodespelarstudiet avslutta utdanninga si våren 2015, og har gått inn i ensemblet i året 2015/2016. Vi ventar å sjå dei på ulike norske scenar i åra framover, og dei har i dag fleire oppgåver framfor seg både her på teatret og ved andre scener.

Kva for effekt på dei ulike miljøa har ei utdanning som Det Multinorske og det at studentane er ute i jobb etterpå? Effektane av eit prosjekt som dette og som dessutan har ein så lang horisont, kan vere vanskeleg å måle i direkte tal. Men vi veit at mange har tatt kontakt med våre tidligere studentar for råd og hjelp. Vi er ikkje i tvil om at vi på sikt visar dei som går denne utdanninga at det er mogeleg for personer med ulik bakgrunn å bli profesjonell skodepelar, og det har mykje å si for den framtidige rekrutteringa til bransjen.

Kull nummer to starta opp hausten 2015. Dei seks elevane har opphav frå Uganda, Etiopia, kurdisk Iran, Vietnam, Brasil og Senegal.



Har du nokre spørsmål, kontakt studieprodusent Roar Myrvang på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Tlf. 22 47 38 35 / 906 37 179.

Mer i denne kategorien Timeplan opptaksprøver »