Om Det Multinorske

  • Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.Derfor har vi saman med Høgskolen i Nord-Trøndelag oppretta ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn.

  • Dette er dei nye studentane ved Det Multinorske

Om Det Multinorske

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.Derfor har vi saman med Høgskolen i Nord-Trøndelag oppretta ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn.

Mer i denne kategorien « Velkommen til det Multinorske
  • I vår fekk seks unge skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Europa ei glad-melding om at dei er aksepterte som studentar ved Det Norske Teatret og Nord Universitet si treårige skodespelarutdanning, Det Multinorske. No er dei i gang med sine tre år som studentar ved Det Norske Teatret, i samarbeid med Nord Universitet.

    - Vi har sett etter dei beste skodespelarane, menneske vi ønskjer å møte som framtidige kollegaer, seier jurymedlem og skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge.

    Dei seks juryen kan tenkje seg å møte på scenen i ein gong i framtida er Bhkie Male, Mona Huang Høivik, Elias Moussaoui Anseth, Marianne Hetland, Christian Eidem og Darin Hagi.

    Tredje kull
    - Vi har valt ut ei kruttsterk klasse med svært høgt nivå, seier jurymedlem og skodespelar Sara Khorami. Ho var del av det første kullet som byrja ved utdanninga i 2012 og har vore tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret sidan ho blei uteksaminert i 2015. I dag spelar ho Antigone i framsyninga med same namn på Hovudscenen. - Utdanninga har endra livet mitt. Det var enormt formande å få vere del av eit teater medan ein fekk utdanninga si. Vi såg teater heile tida, hadde lærarar som var skodespelarar... det var ei fantastisk tid! seier Khorami. Dei seks som tek til på utdanninga til hausten vil bli det tredje kullet som tar skodespelarutdanninga ved Det Multinorske.

    - I dag har vi 24 skodespelarar i ensemblet med fleirkulturell bakgrunn. Slik var det ikkje for 6 år sidan da vi starta utdanninga Det Multinorske, seier teatersjef Erik Ulfsby. - Det Multinorske har vore med på å endre publikumet vårt, repertoaret vårt og ensemblet vårt slik at vi i dag liknar meir på verda utanfor, meiner han og legg til at vi no enno betre kan forsvare namnet på teateret: Det Norske Teatret.

    Vil spegle Noreg av i dag
    Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Saman med Nord Universitet oppretta Det Norske Teatret i 2012 ei treårig utdanning for skodespelarar med bakgrunn utanfor Europa. Det andre kullet blir uteksaminert i vår.

    Utdanninga er ei fullverdig utdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskolane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad i skodespelarfaget. Studentane vil ha status som studentar ved Nord Universitet. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode ved Det Norske Teatret.